Åsen og Øvrelid AS
Åsen & Øvrelid As er eit av dei største entreprenørselskapa på Nordvestlandet. Vi har hovudkontor i Førde og datterselskapa Åsen & Øvrelid Nordvest AS i Ålesund og Røberg AS i Molde. Vi tel om lag 200 tilsette og marknaden er heile Nordvestlandet. Vi har som mål å vere blant dei aller beste i vår bransje både på kvalitet, lønnsemd, berekraft og digitalisering.
Åsen & Øvrelid har ein organisasjon som er spissa mot utvikling og produksjon av bygg, og utfører med eigne tilsette:
Vår evne til fleksibilitet og nytenking gjer oss til ei aktiv entreprenørverksemd i kontinuerleg utvikling, og vi har gjennom åra opparbeidd oss ein sentral posisjon i byggemarknaden. Firmaet ønskjer å halde på denne posisjonen og må difor vere budd på stadig nye utfordringar både frå byggherre, marknaden og styresmakter si side.
Vi har eit jamt og sterkt fokus på HMS og kvalitetsarbeid i verksemda. Les meir
Åsen & Øvrelid har sentralgodkjenning i tiltaksklasse 3.