Åsen & Øvrelid Nordvest Ålesund
Åsen & Øvrelid var frå 2016 til 2019 engasjert i utbygginga av Kremmergaarden senteret, midt i Ålesund sentrum. Ein ønskte å vidareføre engasjementet på Sunnmøre med ei eiga avdeling for å framleis kunne tilby tenester i denne marknaden. Dermed ble selskapet Åsen & Øvrelid Nordvest etablert hausten 2019 som eit lokalt dotterselskap.
Dette selskapet har allereie gjennomført fleire større og mindre prosjekt, både for offentlege og private byggherrar, med ulike entrepriseformer.
De tilsette i leiinga har lang erfaring i prosjektstyring av komplekse prosjekt, og vi har fått på plass ein eigne handverkarar med fagbrev innan tømrer- og betongfaget.
Vi er godkjent som lærebedrift, og stadig på utkikk etter gode kandidatar med interesse for faga.
Saman har vi klart å skape en trygg arbeidsplass med ryddige forhold, og vi er i stand til å tilpasse oss store og små prosjekt, med forskjellig grad av kompleksitet.
Vi legg stor vekt på møte forventningane aktørane i prosjekta har til ei moderne entreprenørbedrift.
Sterkt fokus på effektiv og varsam bruk av ressursar er viktig for oss, og vi jobbar heile tida med å vidareutvikle eit team som er i stand til å finne gode løysningar for eit langsiktig perspektiv.
Om du kjenner at du kan bidra i vårt team, ikkje nøl med å ta kontakt