Vi er Miljøfyrtårn sertifisert
Vi tar miljøansvar på alvor og ønsker å bidra. Vi er opptatt av å levere produkt og tenester til kundane våre ved bruk av minst mogleg ressursar som påverkar miljøet i negativ grad, og utan at dette skal gå ut over kvalitet eller leveringstid.
31.08.2020 vart vi sertifiserte som Miljøfyrtårn. Dette inneber at bedrifta har gjennomført ei miljøkartlegging og gjennomført tiltak slik at vi oppfyller definerte bransjekrav.
Gjennom sertifiseringa har vi fått bevis for at rutinane i vårt miljøstyringssystem er gode.
Slik som kartlegging av leverandørane våre med omsyn til miljø og handlingsplanar for miljøarbeidet vårt. Våre HMS rutinar sikrar at vi har eit godt arbeidsmiljø og førebygger eventuelle skadar. Vi har avfalls reduserande tiltak og innkjøpsrutine som tar miljøomsyn. Vi har gjennomgått korleis vi kan redusera energiforbruket vårt, bli betre på avfallshandtering og gjenvinning, redusere påverknaden vår på miljøet rundt oss, gjennomført rapportering og kan dokumentera alle tiltaka som er gjort. Vi har i tillegg utarbeidd klimarekneskap som viser det totale CO2-utsleppet frå bedrifta.
Gjennom vår sertifisering ønsker vi å visa at vi tar miljøengasjementet på alvor, til glede for oss sjølv, kundane våre, nærmiljøet og samfunnet forresten.
Miljøfyrtårn er eit offisielt, norsk miljøsertifikat. Det er eit miljøhandlingsprogram og samtidig eit miljøleiingssystem der bedriftene gjennomfører ei miljøkartlegging og lagar ein handlingsplan for å innfri spesifiserte krav.
For meir info om sertifisering besøk miljøfyrtårn.no.
Har du spørsmål rundt vår miljøsertifisering ta gjerne kontakt med Arild Ryland, arild@aasen-ovrelid.no
Miljøfyrtårnsertifikat her