Å&Ø Konserninfo
Ein leiande lokal aktør
Åsen & Øvrelid As er eit av dei største entreprenørselskapa på Nordvestlandet. Vi har hovudkontor i Førde og datterselskapa Åsen & Øvrelid Nordvest AS i Ålesund og Røberg AS i Molde. Vi tel om lag 180 tilsette og marknaden er heile Nordvestlandet. Vi har som mål å vere blant dei aller beste i vår bransje både på kvalitet, lønnsemd, berekraft og digitalisering.
Åsen & Øvrelid har ein organisasjon som er spissa mot utvikling og produksjon av bygg, og utfører med eigne tilsette:
Vår evne til fleksibilitet og nytenking gjer oss til ei aktiv entreprenørverksemd i kontinuerleg utvikling, og vi har gjennom åra opparbeidd oss ein sentral posisjon i byggemarknaden. Firmaet ønskjer å halde på denne posisjonen og må difor vere budd på stadig nye utfordringar både frå byggherre, marknaden og styresmakter si side.
Vi har eit jamt og sterkt fokus på HMS og kvalitetsarbeid i verksemda. Les meir
Åsen & Øvrelid har sentralgodkjenning i tiltaksklasse 3.
Historie
Åsen & Øvrelid AS vart grunnlagt som eit tømrarfirma i 1988 av Leif Arne Åsen og Helge Øvrelid. I 1996 vart det gjennomført ein fusjon med betongfirmaet Brødrene Sunde AS, eigd av Halvar og Stig Sunde. Desse fire er i dag likestilte eigarar og aktive i den daglege drifta. Dei utgjer òg, saman med tilsette-representantar, styret i bedrifta.
Fokus på trygge arbeidsplassar
Helse Miljø og Sikkerheit er grunnleggande element i vår daglege drift, og er alltid med heilt frå planleggingsfasen i prosjekta. Vi arbeider ut frå ei målsetting om null skadar, og har kontinuerleg fokus på å skape trygge og gode arbeidsplassar for alle som er involverte i våre byggeprosjekt. Det vert brukt betydelege ressursar for å skape eit godt arbeidsmiljø, og dette har gjeve oss vinst i form av låg «turnover» og lite sjukefråvær hjå våre tilsette. Vidare har vi stort fokus på å kvalitetssikre våre underleverandørar, for å sikre at alle som bidrar på våre byggeprosjekt har vilkår i samsvar med gjeldande regelverk.
Fokus på kvalitet
Åsen & Øvrelid AS har fokus på å levere rett kvalitet, til rett tid og avtalt pris. Med dette som utgangspunkt har vi utarbeidd eit eige kvalitetssystem som sikrar føreseieleg og dokumentert prosjektgjennomføring frå start til mål. Systemet si oppbygging er basert på ISO 9001: 2015. Systemet innheld og rutinar for styring av HMS så vel i prosjektering som i utføring, og sikrar prosjektgjennomføring på ein trygg og sikker måte for alle aktørar, og med minst mogleg påverknad på omgjevnadane. Systemet er heildigitalisert.
Kvalitetssystemet dannar grunnlag for vår sentralgodkjenning. Åsen & Øvrelid AS har i dag godkjenning for utføring av alle fag kl. 3, ansvarleg søkjar kl. 2, og prosjektering alle fag kl. 2.
Prosjektgjennomføring
Åsen & Øvrelid AS utfører i hovudsak sine prosjekt som total- eller hovudentreprise. Prosjektorganisasjonar vert forma og sett saman ut i frå storleik og kompleksitet på prosjektet. Vi har dei siste 8-10 åra gjennomført ei rekkje store prosjekt som totalentreprise, både for private og offentlige byggherrar. Dette har gjeve oss brei erfaring i prosjektstyring av komplekse prosjekt. Gjennom vårt kvalitetssystem styrer vi alle underentreprenørar og leverandørar slik at vi kvalitetssikrar og dokumenterer alle prosessar frå til ferdig produkt.
Samfunnsansvar
I tillegg til å være ein stor og trygg arbeidsgjevar ønskjer Åsen & Øvrelid AS å vere med og bidra tilbake til samfunnet i form av støtte til lag og organisasjonar. Støtta er i dag først og fremst retta mot organisasjonar innan aktivitet og idrett.