Sosial berekraftsstrategi
I høve av HMS og sosial berekraft arbeider Åsen og Øvrelid AS kontinuerleg for å utbetre styresystem og rutinar for å fremme ein trygg, inkluderande og givande arbeidsplass. Vi har som mål å levere bustader og totalentreprisar av høgste kvalitet. Dette er noko som ikkje er mogleg utan eit godt samspel og god fagleg kompetanse i alle ledd av bedrifta.
Lærlingar:
Vi er ein bedrift som ynskjer å være med å forme framtidas arbeidarar. Det gjer vi gjennom aktiv rekruttering av unge og å satse på å bli ein attraktiv arbeidsplass for lærlingar. Vi kan skilte med å kunne tilby spennande prosjekt med stor fagleg bredde. Hos Åsen og Øvrelid får derfor lærlingar mogleikar til å utfalde seg fagleg og tileigne seg verdifulle erfaringar.
Vi ynskjer å strekke oss ekstra og har derfor innordna bonusordningar for år vi kan skilte med gode overskot. Bransjeleiande marginar kjem ikkje av seg sjølv og er eit resultat av samarbeid og dyktige medarbeidarar i alle ledd. Bonusordninga er derfor innført for at alle skal få ta del av vår felles suksess.
Les meir om bonusordninga her: (Obs, er bak betalingsmur).
https://www.firda.no/rekordar-gir-solid-bonus-trym-eskil-far-fylt-opp-bsu-en/s/5-15-1398756
I tillegg til å være ein stor og trygg arbeidsgjevar ønskjer Åsen & Øvrelid AS å vere med og bidra tilbake til samfunnet i form av støtte til lag og organisasjonar. Støtta er i dag først og fremst retta mot organisasjonar innan aktivitet og idrett.
Her er ein oversikt over lag og organisasjonar vi har gitt midlar til:
- Anga FK
- Dale IL Fotball
- Dale Skyttarlag
- Johannes Årdal, skihoppar
- Fjellsportfestivalen
- Florø Fotball
- Førde IL
- Førde IL – Friidrett
- Førde IL – Handball
- Førde Volleyballklubb
- Jølster IL Alpin
- Jølster Skisenter
- Jølster Skyttarlag
- Langeland ski- og fritidssenter
- Reodorklubben
- Sogndal FK Damer
- Sogndal FK
- Tambar IL, vektløfting
- ViteMeir
- FINS Heilekonferansen
Åsen & Øvrelid AS | Nettstad levert av >>>Mediebruket<<<. | >>> Personvern <<<