Utgreiing av aktsemdsvurdering
Utgreiinga er eit bevis på, samt ein beskriving av, utført aktsemdsvurdering for motverknad og nedkjemping av brot på menneskerettigheitar i Åsen og Øvrelid sin leverandørkjede jf. «åpenhetsloven» § 4. Dokumentet omfamnar selskap i konsernet som overstig 2 av dei tre følgande vilkåra:
- 70 millionar i omsetning
- 35 millionar i balansesum
- 50 årsverk i rekneskapsåret
Verksemdsforløp:
Åsen og Øvrelid opererer i dag som totalentreprenør og ytar entreprenørtenester for i hovudsak større prosjekt på Norvestlandet i Norge. Konsernet hadde i 2021 ein driftsinntekt på ca. 700 000 000 NOK og omtrentleg 120 tilsette. Det er ein stor verksemd på regional basis, men mindre sett opp mot det nasjonale bransjesnittet. Majoriteten av konsernet er eigd av lokale eigarar involverte i den daglege drifta og som arbeider tett opp mot leverandørar og samarbeidspartnarar.
Som leverandørar av produkt og tenester knytt til entreprenørtenester nyttar vi mykje kortreiste og lokale leverandørtenester. Forretningssamarbeida er tufta på gode og varige relasjonar. Gitte leverandørar leverer produkt og tenester knytt opp mot betong, utstyr, trevirke, bygging og andre driftsnaudsynte aktivitetar. Derav storparten baserer seg på tyngre industri, råvarer og lokal arbeidskraft.
Handel av råvarer er eit spesielt utsett område av vår drift i tilknyting til aktsemdsvurderinga si omhandling. Innan råvarer handlar vi blant anna:
- Trevirke
- Metall
- Stein
Råvareleverandørar vil derfor være av spesiell interesse for oss å følgje opp og innføre meir kritiske avdekkande og forebyggande tiltak mot.
Konklusjon
Som følgje av deira lokale driftsområde og relativt låge omsetningsgrunnlag på nasjonalt basis er det lågt grunnlag for direkte mistanke om brot på norske lover, reguleringar og allmenne samfunnsformer for ivaretaking av menneskerettighetar og arbeidsforhold.
Faktiske negative konsekvensar av drifta
Det er i dag ingen tilfelle av rapporterte eller avdekka brot på menneskerettighetane i vår verdikjede.
Konklusjon:
Ikkje naudsynt med umiddelbare vidare tiltak retta mot spesifikke leverandørar.
Potensielle negative konsekvensar av drifta
Som følgje av påfølgande vurderingar er det i dag ingen tilfelle av potensielle situasjonar kor brot på menneskerettigheitane kan oppstå som følgje av Åsen og Øvrelid AS sine direkte leverandørar.
Ein negativ konsekvens kan derimot potensielt sett lokaliserast to ledd ut i leverandørkjeda då vi har mindre kontroll over deira rutinar, praksisar og organisasjonsstruktur.
Også råvareleverandørar utstedar ein større potensiell risiko, noko som er teken i betraktning vedrørande vidare utgreiing.
Konklusjon:
Dagens forhald taler ikkje for brot, men ein utbetring av rutinar knytt opp mot dette må reviderast og implementerast i drifta til ÅØ.
Forebyggande tiltak
Som ein del av Åsen og Øvrelid sitt forebyggande tiltak for promotering og ivaretaking av grunnleggande menneskerettighetar og anstendige arbeidsforhold nyttar bedrifta seg av rutinemessig leverandørsjekkar.
Leverandørsjekk:
Eksterne forhald kartleggast i tråd med Åsen og Øvrelids rutinar for leverandør-kontroll som vert sendt ut kvart år. Det vert kartlagt om eksterne leverandørar sine styrings-rutinar knytt opp mot vedlikehald av grunnleggande menneskerettigheiter og anstendige arbeidsforhold. Dei må utgreie om interne rutinar for avdekking og handtering av brot internt i bedrifta eller i påfølgande leverandørkjede.
Kontraktsmal:
Andre ledd for forebyggande tiltak går på utbetring og kravsetjing av ivaretaking av menneskerettigheiter i våre leverandørskontrakter.
Bedriftskultur:
Ein utbetring av vår interne bedriftskultur vil bli eit viktig forebyggande tiltak for å heve aktsemda opp mot menneskerettigheiter. Rapportering til næraste leiar ved eventuelle brot, samt individuelt ansvar for å avstå frå brot, skal oppmuntrast.
Tiltak ved avdekking på brot
Direkte forretningspartnarar i tilknytt leverandørkjede som potensielt framsynar klare brot på grunnleggande menneskerettigheiter og anstendige arbeidsforhold utan teikn på utbetring vert tatt vidare til vurdering for finansiell eller ikkje-finansiell kompensasjon samt. ÅØ stiller seg og villig til samarbeid med myndigheiter for eventuell domfelling av gjeldande leverandør.
Ved mistanke eller avdekking av mindre brot som følgje av uaktsam drift vil det gjerast ein gransking, og implementering av tilpassa tiltak avhengig av verksemdas og brotets størrelse, art og kontekst.
Åsen & Øvrelid AS | Nettstad levert av >>>Mediebruket<<<. | >>> Personvern <<<