Sjøkanten

Sjøkanten ligg på den gamle slaktehustomta i Sogndal, ved innfallsporten til Sogndal frå Leikanger.

I dette prosjektet har vi vore med gjennom heile utviklings- og prosjekteringsperioden, som medinvestor/medeigar, prosjektutviklar og totalentreprenør.

Prosjektet består av ein bustadel og ein næringsdel. Bustadblokka består av seks etasjar, ein etasje med garasjeplassar og fem etasjar med leilegheiter.

Næringsdelen var overlevert hausten 2012, medan bustadblokka blir ferdigstilt til sommaren 2013.

Les meir om prosjektet her

For fleire opplysningar om dette prosjektet, kontakt prosjektleiar Bjørnar Haveland, 982 88 905