Åsen & Øvrelid A/S har levert nye Kolvikbakken Ungdomsskule. Byggherre er Ålesund Kommunale Eigedom.
Prosjektet ligg på Kolvikbakken like innanfor Ålesund sentrum. Eksisterande skule vart rive våren 2020 før bygging av ny skule tok til same år.
Den nye skulen er dimensjonert for tre ungdomstrinn med til saman 450 elevar. I tillegg er det ført opp ein idrettshall med tilhøyrande garderobeanlegg. Idrettshallen er levert som ein full handballhall med mål 25x45m, i tillegg til styrkerom.
Å & Ø var totalentreprenør for prosjektet. Totalverdi på kontrakten var i overkant av 160 mill. eks mva.
Arkitekt i prosjektet: Slyngstad Aamlid Arkitekter.
Bygginga starta i juni 2020 og prosjektet vart overlevert på våren i 2022.
Prosjektet vert leia og utført av Åsen og Øvrelid A/S sitt dotterselskap i Møre & Romsdal, med kontoradresse Ålesund.
Les om prosjektet hos bygg.no her