Medinvestor/partnarskap i andre prosjekt

Åsen & Øvrelid AS, eller selskap tilknytta Åsen & Øvrelid AS, kan delta som medinvestor i selskap som har som formål å utvikle eit prosjekt eller eit tomteområde. På denne måten kan vi bidra til å tilføre prosjektet kapital og kompetanse som er nødvendig for å få prosjektet realisert.

Under finn du oversikt over dei ulike selskapa og ei kort orientering forretningsområde og referansar.

Åsen & Øvrelid AS (entreprenørfirma)

Åsen & Øvrelid AS kan delta direkte som medeigar i prosjekt. I prosjekt der denne modellen er aktuell er det naturleg at Åsen & Øvrelid AS utfører byggearbeida i totalentreprise.

Vi kan i utgangspunktet ta hand om heile byggeprosjektet frå regulering og prosjektering til ferdigstilling, men ansvarsforhold og rollefordeling vert avtalt prosjektvis med medinvestor.

Referanseprosjekt der Åsen & Øvrelid AS er medeigar:

Sjøkanten:

Åsen & Øvrelid AS har ein eigarandel på 12.5% i selskapet Fjordlinje AS som står for utbyggjar av prosjektet. Bygningsmassen består av 8.500m2 butikk og 3.000m2 bustad. Vi har bidratt i prosjektutvikling og prosjektering, og er totalentreprenør for utbygginga.

Byporten:

Åsen & Øvrelid AS eig 50% av selskapet som eig tomt sentralt i Florø sentrum. Selskapet har under planlegging eit bygg på 4000m2 fordelt på butikk, kontor og bustad. Vi har ansvar for utvikling, prosjektering og gjennomføring av prosjektet som har planlagt oppstart i løpet av 2013.

Bygg 3: 

Bustadbygg med næringsdel som er ein del av utbygginga av Meierikvartalet i Førde der Øyrane Eigedom er med på eigarsida av prosjektet.

 

Byporten - Florø

Nytt kombinert næring- og bustadbygg rett ved kaikanten i Florø Fleire detaljar »

Sjøkanten

Sjøkanten ligg på den gamle slaktehustomta i Sogndal, ved innfallsporten til Sogndal frå Leikanger. Fleire detaljar »

Bygg 3

Bygg 3 er tredje og siste byggesteg på gamle meieritomta i Førde. Fleire detaljar »

Øyrane Eigedom AS

Øyrane Eigedom AS har same eigarar som Åsen & Øvrelid AS. Selskapet driv investering i fast eigedom, samt utleige av bygg og utstyr

Selskapet eig og forvaltar følgjande utleigebygg:

  • Øyrane 8 – Brannstasjon/Ytre Etat Førde Kommune ca 1600m2.
  • Fjærevegen 2 – NAF senter 360m2.
  • Fjærevegen 4 – Ahlsell, Kontor, butikk og lager på ca. 1500m2 samt 3000m2 tomt for utvikling.
  • Fjæreveien 9 – Kontorbygg/lager for Åsen & Øvrelid AS 1400m2.
  • Flovegen 3 – Br. Dahl, Kontor og lager 1700m2.

Selskapet har medeigarskap i følgjande selskap:

Ankerløkken Eigedom AS:

Øyrane eigedom har eigarandel på 12%. Ankerløkken eig og forvaltar det tidlegare skipverftsområdet på Øyrane i Førde.

I tillegg er Øyrane Eigedom AS deltakar med mindre aksjepostar i Fjord Invest og FJordinvest Sørvest.

Futurum AS:

Øyrane Eigedom har 11% eigarandel i selskapet. Futurum AS er eit eigedomsselskap som har stått bak utbygginga av meierikvartalet. Utbygging omfattar Sogn og Fjordane Kunstmuseum (2400m2), Storehagen Atrium (5500m2) og Bygg 3 (3200m2), samt parkeringskjellar under heile kvartalet (4500m2).

I tillegg til medeigarskap gjennom Øyrane Eigedom har Åsen & Øvrelid AS hatt ei betydeleg rolle i utviklinga av prosjekta, og har gjennomført alt av byggearbeid i totalentrepriser.

Nedanfor finn du meir informasjon om prosjekta som inngår Futurum si utbygging av meierikvartalet.

Sogn & Fjordane Kunstmuseum

Signalbygg i Førde Sentrum! Fleire detaljar »

Storehagen Atrium

Første byggsteg i kvartalet ved gamle meieritomta i Førde ferdigstilt! Fleire detaljar »

Bygg 3

Bygg 3 er tredje og siste byggesteg på gamle meieritomta i Førde. Fleire detaljar »