Sjøkanten

Sjøkanten

Sjøkanten ligg på den gamle slaktehustomta i Sogndal, ved innfallsporten til Sogndal frå Leikanger.

I dette prosjektet har vi vore med gjennom heile utviklings- og prosjekteringsperioden, som medinvestor/medeigar, prosjektutviklar og totalentreprenør.

Prosjektet består av ein bustadel og ein næringsdel. Bustadblokka består av seks etasjar, ein etasje med garasjeplassar og fem etasjar med leilegheiter.

Næringsdelen var overlevert hausten 2012, medan bustadblokka blir ferdigstilt til sommaren 2013.

Les meir om prosjektet på bygg.no

For fleire opplysningar om dette prosjektet, kontakt prosjektleiar Bjørnar Haveland, 982 88 905

Fakta

Type bygg: Næring/Bustad
Kunde: Fjordlinje Eiendom AS
Størrelse: 9000+3000m2
Ferdigstilt: 2013
Entrepriseform: Totalentreprise
Arkitekt: Arkitektkontoret 4B
Prosjektleiar: Bjørnar Haveland