Råkane
56 leilegheiter i rekke /tun på Vie i Førde.
Byggestart for dette prosjektet var våren 2010, og heile området er planlagt ferdigstilt i 2013/2014. Leilegheitene varierer i storleik frå 2-romsleilegheiter til 4-romsleilegheiter. Husværa er plassert rundt bilfritt tunområde med romslege fellesareal med møteplassar og leikeareal. Området er solrikt og alle husvære er sør/vestvendt.
Prosjektet blir gjennomført i to byggesteg. Første byggesteg omfattar 34 leilegheiter som vil vere ferdigstilt våren 2013. Andre byggesteg vart igangsett hausten 2012 og omfattar 22 leilegheiter.
For fleire opplysningar om dette prosjektet, kontakt Prosjektleiar Ronny Østenstad, 95 98 56 24
Fakta
Prosjektleiar: Ronny Østenstad.
Byggestart: Våren 2010.
Ferdigstilling: Våren 2013.