Personvernfråsegn
Åsen & Øvrelid AS, ved dagleg leiar, er databehandlar for personopplysningar i samband med kundetilhøva våre.
Åsen & Øvrelid AS, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for handsaming av personopplysningar for:
- Kontaktopplysningar til kundar, referansar, leverandørar, deira tilsette og andre som vanlegvis er offentleg tilgjengeleg.
- Tilsette, innleigde og kandidatar til framtidige stillingar
- Brukarar av nettsidene våre
Fråsegna inneheld opplysningar du har krav på når det vert samla inn opplysningar om deg i våre system (personopplysningsloven § 19) og generell informasjon om korleis vi handsamar personopplysningar (*personopplysningsloven § 18 1. ledd). Har du spørsmål rundt rettane dine ifm personvern i Åsen & Øvrelid AS, kontakt firmapost@aasen-ovrelid.no
Databehandlarar
Ein standard databehandlaravtale eksisterer mellom Åsen & Øvrelid AS og databehandlarane våre. Personopplysningar vert ikkje utlevert frå Åsen & Øvrelid AS til andre aktørar, utan samtykke frå den registrerte.
Handsaming av personopplysningar ifm kunde- og leverandørtilhøve
Åsen & Øvrelid AS er databehandlar for personopplysningar knytt til kundar, referansar og leverandørar. Dei opplysningane som lagrast er nødvendige for å oppfylle våre plikter som arbeidsgivar, kunde og leverandør.
Informasjonen i denne handsaminga, der Åsen & Øvrelid AS er behandlingsansvarleg, vil normalt verta lagra så lenge tilhøvet eksisterer. Ved eventuelt opphøyr av tilhøvet vil informasjonen normalt slettast etter 10 år.
Handsaming av personopplysningar for tilsette, innleigde og kandidatar
Åsen & Øvrelid AS er databehandlar for personopplysningar knytt til tilsette, innleigde og kandidatar. Dei opplysningane som lagrast er nødvendige for å oppfylle våre plikter som arbeidsgivar, kunde og leverandør.
Informasjonen i denne handsaminga, der Åsen & Øvrelid AS er behandlingsansvarleg, vil normalt verta lagra så lenge tilhøvet eksisterer. Ved eventuelt opphøyr av tilhøvet vil informasjonen normalt slettast etter 10 år.
Åsen & Øvrelid AS
Finn Ove Øen
Dagleg Leiar