Jobb & Karriere

Gjennom over 20 år har Åsen og Øvrelid AS opparbeidd seg ein solid posisjon i byggebransjen i Sogn og Fjordane. Denne posisjonen skal vi halde også i framtida. Og vi skal møte stadig strengare krav og forventingar frå både marknaden, byggherrar og myndigheiter med solid innsikt, kompetanse og leveringsdyktigheit.

For å klare dette treng vi dei beste medarbeidarane. Vi har mange av dei allereie i dag, men vekst og utvikling krev også påfyll av nye talent. Vil du vere med oss vidare?

Åsen & Øvrelid AS rekrutterer:

Fagarbeidarar og lærlingar  i ulike fag
Vi ønskjer å kome i kontakt med  dyktige, engasjerte og sjølvstendige fagarbeidarar til prosjekt hovudsakleg i Sogn og Fjordane.

Er du ung og nysgjerrig på byggebransjen? Då oppmodar vi deg til å ta utdanning i vidaregåande opplæring. Etter utdanninga er du velkomen til å søkje læreplass hos oss. Fleire av våre leiarar har «gått gradene» i selskapet , så hos oss er det gode karrieremoglegheiter vidare!

Prosjektleiarar / byggeplassansvarlege
Vi ønskjer å kome i kontakt med engasjerte og sjølvstendig personar, primært med ingeniørutdanning eller teknisk fagskule. Men mangel på utdanning kan kompenserast med solid fagbakgrunn i kombinasjon med leiarerfaring.

Vi ønskjer både nyutdanna og personar med røynsle frå prosjektleiing/byggeplassleiing velkomne som søkjarar. For rett person kan også ei slik stilling omfatte prosjekteringsleiing i totalentreprisar.

Dersom du har desse eigenskapane, så kan vi tilby ein utfordrande og til tider hektisk jobb, med ordna arbeidstilhøve, gode lønsvilkår, bonus- og forsikringsordningar. 

Kva meiner dei ansatte om å jobbe i Åsen & Øvrelid?

 

Martin – Prosjektleiar

 Leif – Prosjektutviklar

 

Finn Ove – Dagleg leiar