Tenester og spesialløysingar
Vår evne til fleksibilitet og nytenking gjer oss til ei aktiv entreprenørverksemd i kontinuerleg utvikling. Vi har gjennom åra opparbeidd oss ein sentral posisjon i byggemarknaden på Nordvestlandet med hovedkontor i Førde i Sunnfjord. Åsen & Øvrelid AS ynskjer å halde på denne posisjonen, og må difor vere budd på stadig nye utfordringar både frå byggherre, marknaden og styresmakter si side.
Som totalentreprenør og hovudentreprenør innan offentleg og privat sektor utfører vi omfattande oppdrag på Nordvestlandet. Ta kontakt med oss for referansar og tilbod.