HMS/KS

 

Vårt HMS,kvalitet og miljøsystem samsvarer med krava i ISO 9001, ISO 14001 og krav i forskrift om godkjenning av føretak for ansvarsrett. Bedrifta er ikkje ISO sertifisert men har årleg samsvar sjekk av systema. Systemet er prosess styrd (Flytkart) og bygd i Landax, eit web-basert kvalitetsstyringssystem med modular for å i vareta alle krava til intern kontroll , HMS, Risikoanalyse og beredskap m.m. Prosedyrane er bygd slik at dei samsvar med alle krava.

Sidan prosedyrane vært beskrivne gjennom flytkart i systemet, vært behovet for tekst baserte prosedyrar redusert til eit minimum. Systemet er oppgåve basert og har oversiktar som viser alle kva for oppgåver dei er tildelt med tidsfrist for utføring. Varsling på e-post når fristar nærmar seg og automatisk repetisjon for gjentakande oppgåver er nokre av funksjonane i systemet

Åsen & Øvrelid as skal Landax brukast til følgjande:

  • Kompetanseoversikt over alle tilsette.
  • Dokumentasjon på miljøstyringssystem inkludert vesentlege miljøaspekt.
  • Dokumentasjon på kvalitetssystem og internkontroll
  • Prosess flytkart
  • Oppgåver med fristar og ansvar for gjennomføring
  • HMS-arbeid: Vernerundar, RUH, risikoanalyse og Sikker Jobb Analyser.
  • Sjekklistesystem for eige utført arbeid.
  • System for registrering og oppfølging av alle typar avvik.
  • Rapportering til byggherre og andre
  • Internrevisjonar
  • Samsvarsjekk
  • Kontinuerleg forbetring målt mot statistikk i systemet
  • Bedriftas organisering og stillingsfunksjonar.

Alle dokument i systemet er lagra i dokumentmodulen i systemet som har versjonskontroll, høyring og distribusjon funksjonar med meir.

Ansvar og myndigheit

KS-HMS Leiar har myndigheit til å redigere/oppdatere systemet slik at det alltid er oppdatert, veleigna og fyller krava. Alle personar i Å&Ø som arbeidar aktivt i systemet har ansvar om å rapportere om avvik, feil eller manglar i systemet til HMS-KS-Leiar.

Prosess flytkart

Prosess flytkart er ein viktig del av systemet som er prosess styrd. Eksempel på nokre av flytkarta.

 

Flytkart for hovud prosesser