Om oss

Åsen & Øvrelid AS vart grunnlagt i 1988 av Leif Arne Åsen og Helge Øvrelid, begge frå Jølster. I 1996 fusjonerte selskapet med betongfirmaet Brødrene Sunde as eigd av Halvar og Stig Sunde. Desse fire er i dag eigarar av selskapet.

Åsen & Øvrelid AS har lang røynsle med alt frå små private oppdrag til store offentlege prosjekt. Fusjonen gjorde det nye selskapet i stand til å ekspandere og ta på seg stadig større prosjekt. Selskapet har i dag ca. 100 tilsette og ei årleg omsetnad på ca. 250 mill NOK.

Åsen & Øvrelid har ein organisasjon som er spissa mot utvikling og produksjon av bygg, og utfører med eigne tilsette:

  • prosjektering og prosjektleiing
  • betongarbeid
  • mur- og flisarbeid
  • tømrararbeid
  • grunnarbeid
  • stålarbeid
  • gartnararbeid

Vår evne til fleksibilitet og nytenking gjer oss til ei aktiv entreprenørverksemd i kontinuerleg utvikling, og vi har gjennom åra opparbeidd oss ein sentral posisjon i byggemarknaden i fylket. Firmaet ynskjer å halde på denne posisjonen og må difor vere budd på stadig nye utfordringar både frå byggherre, marknaden og myndigheiter si side.

Vi har eit jamt og sterkt fokus på HMS og kvalitetsarbeid i verksemda.

Åsen & Øvrelid har sentralgodkjenning i tiltaksklasse 3.